Hjälp
© TicketCo AS 2025.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
Voss Cup vart første gang arrangert i 1991. Det starta som ei rein grasbaneturnering og det deltok 93 lag det første året.
Voss Cup har sidan auka jamnt og trutt og er i dag den største barneturneringa i Norge. Det deltar rundt 700 lag med ca. 7.000 deltakarar i form av spelarar, trenarar og lagleiarar. I tillegg kjem det mange andre tilreisande (foreldre, besteforeldre osv.). Det betyr at folketallet på Voss vert dobla denne helga!
Det vert spelt kampar frå fredag ettermiddag til sundag ettermiddag på over 30 baner, og det vert gjennomført rundt 1.400 kampar i løpet av denne helga!
Me i Fotballklubben Voss er stolt arrangør av denne festhelga for barnefotballen!
Me ynskjer alle hjarteleg velkomne til Voss og Voss Cup!
Spelarar og leiarar som ynskjer overnatting i Voss Cup sin regi, må kjøpa A-kort. Dette kan kun kjøpast på laga – enkeltpersonar kan ikkje kjøpe A-kort utanom laga.
Etter dette startar Voss Cup sine ansvarlege på overnatting med å fordele laga på dei ulike overnattingsstadene. Har ein ynskje om ein spesiell overnattingsstad så skal dette skrivast i meldingsfeltet i profixio. Då vert ynskje registrert på laget, og dukkar opp i systemet når me skal fordele overnattingsplassar. Det at ein kjem med ynskje, betyr ikkje dermed at ein får den overnattingsplassen. Me har eit avgrensa tal plassar, og det er fleire omsyn som må bli tatt i betraktning når plassane skal fordelast. Klubb, lag, kjønn, størrelse på rom, tal på overnattande osv.
Totalt har me nærmare 4000 born og vaksne som overnattar i regi av Voss Cup denne helga. Med så mange overnattande, må me nytte oss av fleire ulike overnattingsstader rundt om i Vossabygda. Det vil sei at nokre overnattingsstader ligg midt i sentrum, medan andre ligg ca 15-20 min unna med bil. Me forstår at dei fleste ynskjer å bu i gangavstand til banane, men det er og veldig fint å bu på skular og i barnehagar som ligg litt utanfor sentrum. Her får ein større plass å boltre seg på utandørs, og kanskje får ein litt meir ro mellom øktene. Til alle overnattingsstader som ikkje er i gangavstand til baneområdet, tilbyr me transport. Nokre av overnattingsstadene ligg på ruta til shuttlebussane, medan andre ligg slik til at ein må bestille transport i Sekretariatet.
For at alle skal få ei best mogleg oppleving, så er det reglar som gjeld for alle som overnattar i Voss Cup sin regi. Dette er det me kallar dei generelle reglane – det kan og vere spesielle reglar som gjeld for kvar overnattingsstad. Desse vil me opplyse om så snart me har dei på plass.
Til våre fotballglade gjester
Reglar for de som overnattar hjå oss under Voss Cup. Alle overnattande er sjølve ansvarlege for å setje seg inn i dei reglane som gjeld for overnatting under Voss Cup, både dei generelle og dei spesielle for kvar overnattingsstad.
TRYGGLEIK
Det vert lagt stor vekt på tryggleiken til deltakarane. Foreldre og klubbar som sender born og ungdom til Voss under Voss Cup skal veta at tryggleiken er ivareteken. Voss Cup er sjølvsagt eit rusfritt arrangement.
Dersom brannalarmen går skal ein forlata skulen straks. Lagleiar skal samla laget sitt utanfor skulen (på avtala samlingsplass eller ved flaggstang på skuleplassen). Lagleiar er ansvarleg for oppteljing av sine lag og melder tilbake til vaktene.
PÅMELDING INFORMASJON
Minnepremie
Aktivitetshefte
T-skjorte
Lagfoto
Fem måltid i matsalen *)
Overnatting på skular el. tilsv. (Ta med sovepose og underlag)
Pris kr. 1300,- ( for voksne)
Minnepremie
Aktivitetshefte
T-skjorte
Lagfoto
Fem måltid i matsalen *)
Minnepremie
Aktivitetshefte
T-skjorte
Lagfoto
MAT
Dei som har kjøpt A- og B-kort har tilgang til matservering. Matsalen finn ein i 1.etg i Voss Idrettshall. Inngang på oppsida av hallen. Er det lang kø så oppmodar me alle om å vere tålmodige og følgje køsystemet. Sniking er ikkje Fair play. Ein må syne bandet (deltakarkortet) i døra før ein går inn og et. Det er ikkje tilgang til toalett eller å fylle på flasker i matsalen så gjer dette før ein går inn! Viktig at alle ryddar etter seg.
Kveldsmat fredag | 18:00 – 21:30 |
Frukost laurdag | 07:00 – 11:00 |
Middag laurdag | 13:00 – 19:00 |
Frukost søndag | 07:00 – 11:00 |
Under frukost på søndag er det moglegheit for å smøre seg niste.
PÅMELDING
Gyldig/betalt påmelding må skje innen søndag 01.05.2025 kl. 23.59, Dette er viktig for at idrettslaget skal få meldt på alt samlet.