Øygarden Idrettslag - Lerum Sognefjord Cup 2026
Om Lerum Cup
Lerum Cup er ei av dei største turneringane på Vestlandet, med nærare 260 lag og 3600 deltakarar årleg. Deltakarane er frå 6 til 14 år og kjem frå både aust og vest i landet.
Lerum Cup 2025 går av stabelen 25. - 28 juni. Innsjekk startar 25. juni, medan sjølve fotballen rullar i gang fredag 26. juni og varar fram til søndag 28. juni.
Lerum har vore delaktig sidan 1994, men namnet Lerum Cup kom først i 2012.
Lerum Cup er ei turnering der Sogndal Fotball spelar på lag med naboklubbane Hafslo IL og Kaupanger IL. Fleire hundre frivillige stiller årleg opp for å gje både deltakarar og foreldre eit minne for livet.
TRYGGLEIK
Det vert lagt stor vekt på tryggleiken til deltakarane. Foreldre og klubbar som sender born og ungdom til Sogndal under Lerum Cup skal veta at tryggleiken er ivareteken. Lerum Cup er sjølvsagt eit rusfritt arrangement.
Dersom brannalarmen går skal ein forlata skulen straks. Lagleiar skal samla laget sitt utanfor skulen (på avtala samlingsplass eller ved flaggstang på skuleplassen). Lagleiar er ansvarleg for oppteljing av sine lag og melder tilbake til vaktene.
DELTAKARKORT ÅRSKLASSANE 10-14 ÅR
Deltakarkort A: kr 2195,-..
Deltakarkort B: kr 1395,-
Deltakarkort F: kr 1695,-
Lagsavgift 10-14 år kr. 2000,- Påmelding er kun gjeldande ved godkjent betaling
Minst 2 vaksne MÅ overnatte med laget (gjeld dei lag som bestiller A-kort)
Deltakar kort A:
Inkluderer: Deltaking, overnatting, 6 måltider, busstransport( til alle arenaer),deltakar t-skjorte, deltakarpremie og diskotek.
Måltider: Kveldsmat fredag, frukost og middag laurdag/søndag + frukost måndag.
Deltakar kort B:
Inkluderer: Deltaking, busstransport( til alle arenaer), deltakar t-skjorte, deltakarpremie og diskotek.
Deltakar kort F: (Gjeld kun for foreldre/trenarar som skal overnatte med laget på skule)
Inkluderer: (Som A-kort, men gjeld kun for trenarar, lagleiarar og foreldre som overnattar m/laget)
Måltider: Kveldsmat fredag, frukost og middag laurdag/søndag + frukost måndag.
Minst ein vaksen MÅ overnatte med laget (gjeld dei lag som bestiller A-kort). Max 5 foreldre kan overnatte pr lag.
PÅMELDING
Gyldig/betalt påmelding må skje innen fredag 17.04.2026 kl. 23.59, Dette er viktig for at idrettslaget skal få meldt på alt samlet.
For mer informasjon om Lerum Sognefjord Cup kan dere lese om dette på turneringen sin hjemmeside:
https://www.lerumcup.no/startside
Waiver
Bindende påmelding gjelder for tiltak i regi av Øygarden Idrettslag for påmelding som deltakere til Lerum Sognefjord Cup 2026